4.1.06

Pionerar på oppalsfisk

Eit besøk på dei flytande landsbyane på Mekong eller på Tonle Sap-sjøen i Kambosja kan fråta ein nordmann alle illusjonar om at det var vi nordmenn som ”oppfant” fiskeoppalet. Her har cham-folk, kambodsjanarar og vietnamesarar bokstaveleg tala budd oppå oppalsfisken sin i generasjonar.

Flytande landsbyar er eit fellestrekk for både Vietnam og Kambodsja. Grå og verbitne duvar landsbyane på det brungule, sakteflytande vatnet i takt med tidevatnet og monsunregnet. Berre unntaksvis finn vi eit hus som er måla, og då helst i en bleik, lysblå farge.

På avstand er det ingenting som røpar at dette er noko anna enn ein fattigsleg landsby. Heilt til du stig om bord i eit av dei uventa romslege husa. Ei enorm seng i teak, og med nitide utskjæringar eller speglar i hovudgavlen dominerar det einaste rommet. Elles er huset så godt som tomt for møblar.

Fiskefôr
I det skuggefulle vatnet under husa skjuler familien levebrødet sitt. Inntil 80 tonn oppalsfisk, av dei tropiske fiskeslaga kan skjula seg under kvart hus. Basa, bananfisk, catfish, mudfish og ål er alle smakfull og populær middagsmat hos dei som driv med oppal så vel som hos dei nær 100 millionar fiskeelskarane i dei to landa.

Midt på golvet eit ope hol ned i vatnet. Gå bort til holet, kast nedi ein neve fiskefôr, og brått kokar vatnet. Nedi kavet kjempar hundretals velfødde svarte og raude fiskar i 1 – 2 kilosklassen om godbitane menneskja slengjer nedi vatnet.

Ressursutnytting sett i system

Nett kor lenge folkeslaga i Mekong-deltaet har drive med fiskeoppal var det ingen som kunne svara meg på: Dette har vi gjort i generasjonar, var det einaste svaret eg fekk.

Alt skjer på einklaste vis. Fiskefôret lagar oppdrettarane sjølv, ut frå det dei kan få fatt i av lokale ressursar: Her er ressursutnyttinga sett i system. Ingenting skal gå til spille. Akkurat som fattigfolka på paradegata i Phnon Phen i kveldinga ventar utålmodig på søpla frå dei store turisthotella, støvsugar fiskeoppdrettarane den lokale marknaden etter matavfall og rotne og øydelagte grønnsaker, kjøt og fisk. Avfallet padlar dei heim i skvalpande bøtter med ein liten sampan.

Vel heime kokar dei avfallet inn over open eld til små pellets.

Berre vi rike nordmenn har råd å fanga tre kilo fersk, vill fisk for å laga fôr til ein kilo oppalsfisk.

Utestengd

Både Kambodsja og Vietnam høyrer til mellom dei 15 fattigaste landa i verda, i følgje FN. Rask folkeauka og veksande behov for arbeidsplassar har auka talet på oppdrettarar dei seinare åra.

Landa tilhører kommunismens siste erklærte bastion i verda. Like fullt er det marknadskreftene som styrer fiskeoppdrettarane sin kvardag. Styremaktene kjem med råd om kva fiskeslag dei bør satsa på. Elles krevst det ingen konsesjonar eller begrensingar av mengde. Resultatet vert overetableringar.

I fjor vart den vietnamesiske fisken stengd ute frå USA. Dumpingprisar var amerikanske styremakter sitt argument for å stengja grensa. I år trugar EU med å gjera det same, fortalte fortvila oppdrettarar som har lånefinansiert anlegget til over pipa.

Så mykje for vestlege land sin tilsynelatande iver for frihandel og frie marknadskrefter. Eit besøk på dei flytande landsbyane kan for ei stakkars stund innbilla ein vestleg skeptikar om at innbyggjarane i den tredje verda når alt kjem til alt kanskje likevel vil ha noko å tena på auka globalisering.

1.1.06

Gastronomikunst i verdsklasse

Eit hundreår som fransk koloni lærte vietnamesarane å forvandla naturens rause matvareressursar til gastronomikunst i verdsklasse. Det forklarar likevel ikkje kvifor dei insisterer på å eta maten med papiret på.

Kinesarane er eit anna folkeferd som har stor innverknad på vietnamesisk mat. Saman med eit uvanleg breidt råvaregrunnlag vert resultatet variert, sunt og akkurat passe smakfullt, opplevd med vestlege ganer.

Hovudregelen, ifølgje det vietnamesiske kjøkkenet, er at maten skal lagast utan smør, fløyte eller alkohol. Tilberedingstida skal vera kort, ingrediensane berre akkurat så vidt møre. Der thailenderane svergjer til koriander, nyttar vietnamesarane i staden ingefær, sitrongras og eit utal ulike krydder til å setja ein spiss på maten. Sjølv om chili inngår i den obligatoriske krydderblandinga, vil ein vesteuropear berre unntaksvis oppleva maten som "hot". Fast følgje til alle måltid er den saltaktige sausen nuòc màm.

Fruktig frukost
Det varme og fuktige klimaet i Søraust-Asia er som skapt for dyrking av sødmefylte frukter vi i beste fall berre opplever smaksfattige skuggar av her heime. Mykje av frukta kjem frå det grøderike Dalat-området, der dei også dyrkar vindruer. Den rosalilla drakefrukten, med sitt kvite og saftige kjøt innbyr til fråtsing. Det same gjer store mengder nyskåren ananas, fersk mango, papaya og ulike sortar melon.

Bugnande, fruktige frukostbord høyrer til dagens orden på dei fleste hotell, side om side med det obligatoriske baconet, sushi og diverse varmrettar. For dei som ønskjer det, er det ingen problem å la frukta utgjera hovudingrediensen i dagens først måltid. Her er det ingen vanskar med å leva sunt…

Frukt er også eit sikkert val til dessert.

Er du berre tørst – dagane kan bli ganske varme, sjølv i vinterhalvåret - kan du be om å få frukta servert som friskpressa juice, eller luftig mosa, iblanda knust is. Lokale barkeepere kan freista med ulike oppskrifter, avhengig av sesong og tid på døgnet.

Brød er for ein raritet å rekna. Croissanten derimot, har ofte selskap av fleire franske slektningar på frukostbordet.

Pakk inn maten!
Ris er alfa og omega i det vietnamesiske kosthaldet. Som tilreisande møter vi han i tallause variantar som ingrediens i eit eller fleire av dagens måltid.

Det tynne, gjennomsiktige rispapiret er standard som "innpakning" i mange rettar. Papiret samlar maten, gjer han einkel å gripa – eller halda med spisepinnar – dyppa i smaksrike sausar og mumsa i seg.

Litt uvant for oss vestlendingar å pakka inn maten før vi et. På finare restaurantar vil kelnarane vanlegvis gje ei praktisk innføring ved bordet. Først eit rispapir, så eit salatblad eller to. Deretter kjøt eller fisk. Så pakkar du det heile saman til ein avlang, kompakt liten pakke, om lag som ein vårrull. Utfordringa ligg i å berekna mengdene. Små smakebitar av kvart slag. Vert du for grådig, eller ikkje pakkar tett nok, er sjansen stor for at du vil strø ingrediensane utover heile bordet på vegen til munnen, og det vil du jo ikkje…

Andre rettar vert servert innpakka i bananblad.

Mange små rettar
Påverknaden frå det kinesiske kjøkkenet har resultert i at kvart måltid er komponert av mange små rettar. Sju rettar er ikkje uvanleg, heller ikkje til lunsj. Sjølv om det står suppe på menyen, er ikkje det einsbetydande med at den vert servert først.

Den algerike Mekongelva gjev næring til ei rekkje ulike fiskeslag. Dei mest attraktive matfiskane har vietnamesarane drive oppal av i mange generasjonar. Saman med 1000 kilometer kystlinje fører dette til at fisk og skaldyr er vanlege ingrediensar på den vietnamesiske menyen.

Kjemperekene vert servert nygrilla. Nam, nam...

Bondehæren som undergravde USA

Ingen kan dra til Vietnam utan å verta minna om kommuniststaten si nære fortid og krigen mot USA. Eit besøk i tunnelane ved Cu Chi forklarer korleis ein utarma bondehær bokstaveleg talt kunne undergrava verdas leiande krigsmakt.

Daglege nyhendemeldingar frå fronten i Vietnam hører til mellom mine første medvitne inntrykk frå internasjonal storpolitikk. Kjennskapen til teppebombing og napalm etterlot inntrykk av ein angripar og ein som vart angripen. Det var difor med blanda kjensler at eg nyleg oppsøkte landet eg hadde fått slik sympati for i 8 – 10-årsalderen.

200 kilometer
Vietnamkrigen enda i 1975. Amerikanarane vart som kjent drivne på havet. Ein av årsakane til at krigen enda som han gjorde, var det omfattande tunnelsystemet Vietkong-geriljaen disponerte i det sentrale kampområdet mellom hovudstaden Saigon og grensa mot Kambodsja.

I det sokalla "Jern-trianglet", som skjulte Vietkong sitt hovedkvarter, fantes det eit samanhangande underjordisk tunnel-system med ei lengde på meir enn 200 kilometer. Tunnelane utgjorde ein underjordisk stat som på det meste skjulte 16.000 vietkong-soldatar, og var sentrale i geriljaen sin offensive strategi.

Tunnelane fungerte som forlenginga av Ho Chi Min-vegen. Langs denne forsyningslinja fekk geriljaen tilførsel av mat, våpen og medisinar frå Nord-Vietnam.

Dei livsviktige forråda vart lagra og distribuerte gjennom tunnelsystemet. Her var sjukestover, forsamlingsrom og arkiv over Vietkong sine ulike aktivitetar. Mange, både soldatar og sivile, budde i tunnelane i kortare eller lenger periodar. "Innbyggjarane" grov ut kvar sine små nisjar i gangane, der dei sov og kvilte ut mellom slaga. Eit ukjent tal barn vart fødd under jorda. Nokre gjekk på skule her i fleire år.

Ingeniør-kunst
Det underjordiske tunnelsystemet vert karakterisert som eit meisterstykke innan ingeniør-kunst, med avanserte løysingar for naturleg ventilasjon. Gangane var lave og smale. Sjølv spinkle og kortvaksne vietnamesarar var nøydde til å ta seg fram krypande på kne og albogar.

I det flate Mekong-deltaet stig bakken sjeldan meir enn nokre meter over havoverflata. Tunnel-gravarane visste å utnytta at det i dette spesielle området er 12 meter ned til grunnvatnet. Resultatet er eit gang-system med tre nivå. Det øvste ligg tre meter under bakken, det neste seks og det nedste ni meter under bakken. I monsun-tida kunne det ofte vera oversvømmingar på dei nedste nivåa.

Arbeidet hadde vore umogeleg utan nær kontakt og støtte hos sivilbefolkninga i området. Tunnelane vart gravde ut med handmakt, og jorda boren ut og spreidd på rismarkar, i skogen og i næraste bombekrater. Utgravinga starta under Indokina-kringen mot franskmennene i 1948, og var på sitt mest intense i perioden frå dei første amerikanske krigsekspertane inntok landet i 1961 og fram til 1965.

Amerikanarane skjøna ikkje
Utan at dei visste det, klarte amerikanarane å leggja basen til den 25 infanteridivisjonen oppå dette imponerande, underjordiske forsvarsverket.

At det fanst tunnelar i området, oppdaga amerikanarane raskt. Noko anna forklaring på korleis fienden plutseleg kunne slå til, langt inne på deira eige baseområde, var ikkje tenkjeleg.

Amerikanarane hadde likevel ikkje kunnskapar om kor omfattande systemet var. Informasjon som er blitt tilgjengeleg etter krigens slutt har kome som ei stor overrasking, også på dei som deltok på amerikansk side.

Godt skjult
"Alt" vart gjort for å oppspora og øydeleggja tunnel-systemet. Bombing, gass-angrep, oversvømming, spesialtrena sjæfer-hundar og gravemaskiner viste seg likevel å ha begrensa effekt.

Inngangane til tunnelane var godt skjulte. Berre eit fåtal vart oppdaga, trass rasering av heile landsbyar og brenning av all vegetasjon. Så heftig var øydelegginga at vietnamesarane den dag i dag kallar området for "Eldlandet".

Sjølve inngangane var verna av primitive, men livsfarlege feller. Godt skjulte innvendige dører gjorde at amerikanske soldatar som likevel klart å koma seg levande inn, berre oppdaga ein liten del av tunnelen.

Amerikanarane hadde til og med eigne lag av spesialtrente "tunnel-rotter". Infanteristar som hadde som einaste oppgåve å oppspora og uskadeleggjera tunnelane. Storvaksne amerikanarar hadde imidlertid store problem med å ta seg ned og fram i dei smale gangane. Dei frivillige som melde seg til denne tenesta måtte difor vera både småvaksne og uredde. Kan hende venta ein vietkongsoldat med ein K-47 klar nede i neste hol?

22.12.05

Aa flykta fraa jula

Aa romma fraa jula er ingen spok. Det er umogeleg. Tru meg, eg har gjort saa godt eg maktar.

I haustens musikalske landeplage undrar Bob Geldorf paa om "dei" veit at det er jul. Enten Sir Bob med "dei" meinte sveltande hiv-positive born i Eritrea, eller oss velstaaande, vestlege " rikingar" som tviheld paa pengepungen, trass kunnskapen om armoda andre stadar. Blaa reinsdyr i Bangkok og engelske juleslagerer non-stop fraa ein rusten hogtalar ein stad paa landsbygda i Vietnam har overtydd meg om at det skal godt gjerast aa sleppa unna.

Som einsleg har eg tilbragt jula i fleire land, stort sett i Europa, men og i Egypt. I aar har turen gaat til Vietnam og Kambodsja. Her sit vi, ei gruppe tilfeldig samanrysta ukjende, med meir eller mindre uttalte intensjonar om aa romma fraa jula, berre for aa oppleva at jula fol etter oss.

At ein kongeblaa Rudolf nikka blidt velkomen paa flyplassen i Bangkok, var ikkje den storste overraskinga, sett i lys av det internasjonale miljoet. Verre smaka det aa faa historien om redslane i Cu Chi-tunnelane under Vietnamkrigen tonesett med englesong.

Rett skal vera rett. Jula endrar karakter fraa land til land. Dess lenger sor du kjem, dess meir utvatna vert den innestengde, klamme familielukka. Den synes vera eit sertrekk ved norske juletradisjonar. Heldigvis.

Kjopepresset er det same. Musikken og. Religionen maa du - ikkje uvanta - inn i kyrkjene for aa finna. Aa drikka glogg aa gaa rundt juletre med eit hundretals pensjonistar paa Mallorca, kjendes overraskande meiningsfylt.

Den mest serprega juleopplevinga eg veit om, hadde dei som drog opp paa Sinai-fjellet natt til forste juledag. Sjolv sov eg vekk julekvelden, paa ein buss undervegs fraa Kairo til Sharm-el-Sheik.

Istaden for stillesitjande familieidyll er jula for meg det same som aa vera undervegs. I aar vert det julafta paa ein baat paa Mekong. Paa veg til Phnon-Phen. Heilt utan julegaaver, men ganske sikkert med englesong...

9.12.05

Meir varme, mindre støv

Nye, meir effektive vedovnar gjev Kari og Ola meir varme. Samstundes kan dei gleda seg over at dei forureinar mindre - dei slepp langt mindre svevestøv ut i atmosfæren.

Vedfyring har skulda for nærare 70 prosent av utsleppa av svevestøv her til lands. Utskifting til nye og meir effektive vedovnar har redusert utsleppa med ein fjerdedel, totalt 11.000 tonn, dei siste åra, i følgje ei fersk undersøkjing Statistisk Sentralbyrå har utført på vegne av NVE, SFT og Landbruks- og matdepartementet.

Gamle ovnar står framleis for to tredelar av vedforbruket – og heile 90 prosent av støvutsleppa, har SSB rekna ut.

Stort potensiale


Ein gammal vedovn slepp ut fem –seks gongar meir svevestøv enn ein ny, reintbrennande ovn. Ei omfattande utskifting av gamle ovnar har dermed potensiale til å kunna redusera utsleppa av svevestøv med enno tre fjerdedelar, anslår SSB.

Utskiftinga til nye, reintbrennande ovnar tok til for alvor i 1998. Sjølv om det er installert rundt 335.000 nye ovnar dei siste åra, svergjer framleis to av tre hushald til gamle, forureinande ovnar, anslår SSB.

Held varmen


Nye ovnar er langt meir energieffektive enn gamle. Med ein ny ovn, vil vi klara å halda same innetemperatur, sjølv om vi forbrenn langt mindre ved.

For å halda varmen gjennom ein lang og kald vinter brann vi nordmenn i fjor over 1,3 millionar tonn ved.

Størst er vedforbruket i Hedmark og Oppland, med eit årleg forbruk på godt over 500 kilo per person. Lavast er forbruket i Bergen, Oslo og Trondheim. Der ligg forbruket på 100 – 150 kilo per person.

18.11.05

Lun vin for kalde kveldar


Robert Vic har lenge fått gode kritikkar hos norske vin-skribentar. Etter å ha smakt 2004-årgangen, forstår eg kva dei pratar om.

Solbær, blåbær og krydder. Samtidig behageleg rund i smaken. Eit røvarkjøp til 83,50.

Eit unnatak

Vinar til under 100-lappen, smakar som oftast slik også. Men det finnes heiderlege unnatak som bekreftar regelen. 2004-årgangen av Robert Vic Cuvèe Selection høyrer til i den kategorien.

Languedoc-Roussilon er eit uprentiøst fransk vindistrikt som strekkjer seg frå spanske-grensa og langs Middelhavs-kysten til Rhone. Her masseproduserer dei einkle og fruktige landvinar, hovudsakeleg laga på druetypane syrah, mourvedre, granache og merlot. Her i landet er vi best kjend med Chapelle du Bois, Paul Mas og J.P. Chenet.
Med 2004-årgangen viser Robert Vic at han fortenar ein plass på denne kort-lista.

Innsmigrande

2004-årgangen er mørk blåraud i glaset. Medium tetthet i fargen.

Aroma av norske sommarbær; solbær og blåbær. Blåbær dominerer over solbær i smaken, samstundes som antydinga av middelhavs-krydder gjev vinen uventa kompleksitet.

Kort sagt. Robert Vic Cuvèe Selection 2004 er ein mjuk og innsmigrande vin som går rett heim på kalde kveldar.

9.11.05

Flytende vindkraftverk vest for Karmøy

Hydro har i dag søkt om konsesjon for et flytende vindkraftverk som forventes å kunne produsere strøm i nærmere 200 døgn i året. Søknaden er en utfordring til norsk leverandørindustri.

Konsesjonssøknaden for bygging av et planlagt flytende demo-anlegg for vindkraft i havet vest for Karmøy ble sendt i dag, kunne Alexandra Bech Gjørv, direktør for ny energi i Hydro Olje og Energi kunngjøre under Hydros årlige energiseminar i Bergen i dag.

Vindfullt
Valget av lokalisering ble gjort først og fremst for å optimalisere kraftproduksjonen. Norge, sammen med Storbritannia, er det landet i Europa der det blåser flest timer i året. Til havs er det enda mer vindfullt.

Dersom vindprognosene holder stikk, vil kraftverket kunne produsere strøm i nærmere 200 døgn i året. Noe som vil kunne gi en total strømproduksjon på 13 GWh.

- En økning i vindstyrken i vindstyrken på 20 prosent, vil gi en vekst i energiproduksjonen på 60 prosent, sa Gjørv.

Unngår konflikter
En annen fordel med lokaliseringen utenfor Norske-kysten, er selvsagt at konsernet da slipper tidkrevende stridigheter med lokale myndigheter og interesseorganisasjoner, medgikk Gjørv.

Det flytende demo-kraftverket vil få en installert effekt på beskjedne 3 MW. Langt under grensen for såkalte "småkraftverk" i norske elver, som er på 10 MW.

Langsiktig visjon
Går det som direktøren for ny energi håper og tror, markerer dagens konsesjonssøknad starten på realiseringen av en langsiktig visjon.

Innen 2015 skal Hydro ha i drift 200 vindmøller, med en samlet produksjon på 4 TWh. Vindmøllene skal være plassert over hele verden. En stor del vil være offshore, sa Gjørv.

- Tiltaket vil ikke konkurrere med vindkraftverk på land, understreket Gjørv.

Uansett vil dette representere en utfordring for norsk leverandørindustri, understreket direktøren for ny energi i Hydro. Lenger sør i Europa har vindkraftproduksjon gitt opphav til 70.000 arbeidsplasser. Bare i Tyskland er tallet på ansatte 45.000.

Investeringsnivå?
Norsk Hydro har ikke tatt noen beslutning på hvor mye konsernet ønsker å investere i den flytende vindkraftsatsningen.

Dagens konsesjonssøknad ble fulgt av en søknad til Enova om statlig støtte til realisering av det miljøvennlige energiprosjektet.

Går alt etter planen, kan Gjørv starte produksjonen i 2007.

Lov å tenkja stort, men...

Det er lov å tenkja stort for 100-åringen Hydro. Takhøgda tillet kommersiell bruk av CO2 til auka oljeutvinning, men dit er det likevel langt fram, i følgje generaldirektør Eivind Reiten.

- Det er ikkje så einkelt som media vil ha det til å ta i bruk CO2-injeksjon til auka oljeutvinning, fortalde generaldirektøren då han innleidde 100-åringens årlege energiseminar i Bergen i dag.

Ei utfordring
- Det står att mykje utviklingsarbeid før teknologien for CO2-injeksjon vert kommersielt berekraftig, men vi kjem til å løysa det, hevda Reiten.

At den nye regjeringa har lova bidra, ser generaldirektøren berre som positivt. På den måten vil oljeindustrien, saman med leverandørindustrien og styremaktene kunna laga til eit felles krafttak for eit betre miljø.

Komplisert
- Fangst av CO2 frå gasskraftverk er ein ting. Men korleis skal vi kunne deponere gassen på ei forsvarleg måte? Å bruka han til auka oljeutvinning er ei løysing. Eg trur vi vil kunna klara å finna fram til ei løysing på utfordringa, sjølv om tiltaket er langt meir komplisert enn vi kan få inntrykk av i media, sa Reiten.

Aukande problem
CO2-problemet berre aukar i omfang, ettersom energibruken veks.

I dag skriv 85 –90 prosent av all energibruken i verda seg frå brenning av fossile brennstoff. Andelen er aukande trass alle gode fortsett om auka satsing på utvikling av nye, alternative energiformar. Sjølv om vi byggjer ut stadig nye anlegg for vindkraft, vasskraft og solenergi, monnar ikkje det på den globale CO2-statistikken

3.11.05

Burgund vs. Taurasi

Burgund er fokusområde i novembersleppet til Vinmonopolet. Mange vinelskarar vil likevel truleg finna større glede i dei nye vinane frå Taurasi. Tilhengjar av tørre, tyske kvitvinar kan og venta seg positive overraskingar.

Om det er desemberløna di dei vil sikra seg, innkjøparane i Vinmonopoet, er uvisst. Vinane i denne lanseringa ligg likevel jamnt over i ein høgare prisklasse enn ved dei siste sleppa. Det er eit unnatak at dei anbefalte vinane denne gongen kostar under 200 kroner. Men dyrare vinar er ikkje det same som snobbe-vin. Når vinbonden får betre pris, tillet økonomen auka satsing på biodynamisk dyrka vinar.

Gullåsen
Burgund er den klassiske vinverda sitt ideal. Sentralt i området ligg Cote d’Or, "Gullåsen". Her finn vi små, eksklusive produsentar, med "eldgamle" vinstokkar og rekordlåg avkastning per hektar jord.

Lokale kvalitetskriterier (AOC – Apellation d’Origine Contrôlèe) tilseier at mestparten av vinproduksjonen skjer på grunnlag av druetypane pinot noir (raude) og chardonnay (kvite).

Sjølv om pinot noir har vogga si i Burgund, tyder ikkje det det same som at alle vinar frå området smakar omtrent likt. Tvert om. Kvar vingard likar å skryta av sitt særeigne "terroir" eller jordsmonn, topografi og lokale klima. Dei tre faktorane til saman medverkar til å gjera vinen frå den einskilde vingarden til ei unik oppleving. Ei oppleving som varierer lita frå årgang til årgang.

Anbefalte vinar
Mellom dei 16 raude og ni kvite vinane frå Vinmonopolet sitt fokusområde denne gongen har eg valt ut fem raude:

20586 Poulette Nuits St. Georges 1.er Cru Les Vaucrains 2002
Klar anbefaling. Djup blåraud i glaset. Med en delikat aroma av skogsbær og bringebær, og ei svak aning av jordbær og sødme i smaken, er dette eit døme på ein klassisk burgunder frå landsbyen Nuits St. Georges, midt i hjarta av "Gullåsen". Halvanna år på eikefat, 30 prosent på nye eikefat, gjev eit markert, men ikkje plagsamt, vaniljepreg.

Prisen 259,50 gjer dette til eit uvanleg godt kjøp. Men OBS: Dette er ei partivare. Berre 240 flasker er henta til landet, så her er det best å stilla tidleg i køen laurdag morgon.

13930 Domaine de la Perrière Mercury 2004
Landsbyen Mercury er over grensa frå "Gullåsen" til granneområdet Côte Chalonnaise. Saman med noko høgare avkasting i vinmarka, fører det til at prisen umiddelbart vert meir sympatisk for alminnelege folk med normale lommebøker.

Domaine de la Perrière Mercury 2004 kjem dermed til å representera sjølve "folkevinen" i mi uhøgtidelege testing.

Den uvanleg mørke raudblå fargen røpar at dette er ein svært ung vin. Lyng, krekling og bringebær pregar både aroma og smak. Den unge alderen til trass, er dette ein uventa mjuk og innsmigrande vin.

Til 139,50 er dette eit rått kjøp, til burgunder å vera.

13933 Bitouzet-Prieur Volnay 1.er Cru Pitures 2002
Freistande skarlagensraud farge. Handplukka druer og lang gjæringstid saman med drueskinnet, gjev ein kompleks aroma med mykje mineraler. Smaken er dominert av raude bær og krydder, med eit tydeleg innslag av mineral i smaken.

Ein svært interessant vin, men prisen på 315 kroner gjer at eg ikkje kan gje han beste karakter.
For dei som ønskjer å byggja sin eigen vinkjellar, kan det vera interessant å vita at 2002 er ein topp årgang med stort lagringspotensiale.

20844 Mongeard-Mugneret Pinot Noir 2003
Medan dei andre vinane eg har valt ut stort sett kjem frå ei einaste vinmark i Côte d'Or, er dette ein blandingsvin, laga på druer henta frå ti ulike kommunar i Burgund.

Raudblå å sjå til. Mens nokon vil sakna det drue-typiske bringebær-preget, vil andre meina at innslaget av moreller og eksotiske treslag gjer dette til ein "annleis" pinot noir.

Sympatisk prisa, berre 173 kroner, er dette ein burgunder som nyfikne bør unna seg, for å utforska litt av variasjonen i eit av dei toneangjevande vindistrikta i verda.

20587 Amiot Clos de la Roche Grand Cru 2002
Dette er den burgunderen eg personleg likte best i Vinmonopolet si smaking. Prisen på 480 kroner gjer likevel at eg nølar med å gje han den karakteren vinen i seg sjølv fortenar.

Djupt blåraud i glaset. Aroma av krydder og eik. Kompleks smak, med innslag av sopp, krydder og mineral. Eit tydeleg friskt syrepreg, etter mange si meining eit karakteristisk kjenneteikn på ein kvalitets-burgunder.

Nokre vil kanskje reagera på ei nestan umerkjeleg aning av gjær i ettersmaken.
Også dette er eit partikjøp, med 300 innkjøpte flasker.

SKRåBLIKK kjem tilbake med fleire saker frå Vinmonopolet sitt november-slepp.

31.10.05

Ordet fangar

”Alder” er eit dokumenterbart fakta. Anten du no er 20 år, 45 eller 90, så kan det etterprøvast. Karakteristikken ”eldre” er ein meir eller mindre tilfeldig merkjelapp, definert av kulturen vi lever i. Avgjer ”samfunnet” at 20-åringar er ”eldre”, vel, så vil dei verta oppfatta slik.

Eldre? Eg?

Som 45-åring føler eg meg langt frå eldre. Ei kjapp og uhøgtideleg meiningsmåling per SMS til venar og kjende i aldersgruppa 45 - 55 viser at dei heller ikkje kjenner seg nevneverdig plaga av alderen. Tvert i mot. Vi er i vår beste alder. Vi er verken ”seniorar” eller ”eldre”. Om nokon finn på å kalla oss "eldre", vert vi beint fram forbanna.

Dei fleste eg spurte meinte at 55 – 60 er ei passande nedre aldersgrense for når ein kan kalla nokon ein ”eldre” arbeidstakar. Interessant nok var det ei kvinne frå ein ikkje-vestleg kultur som tok til orde for den høgaste aldersgrensa.

Retorikk…

Førelesingane i politisk kommunikasjon og retorikk var ei av dei store aha-opplevingane då eg studerte media.

Retorikk betyr å etablera og kommunisera meining. Men retorikken kan og ha utilsikta konsekvensar. Umedviten språkbruk kan fort føra til at gode intensjonar druknar. Ordet fangar.

At stadig fleire eldre er sprekare enn tidlegare generasjonar, og at dei lever lenger enn før, har vi liksom ikkje teke inn over oss. I alle fall vert ikkje det gjenspegla i språkbruken.

…og konsekvensar

Nyttar vi ordet ”eldre” om personar på 50 år, vil det uvergjeleg få konsekvensar for aldersgruppa. Særleg store vert konsekvensane på arbeidsmarknaden, avdi vi har ein kulturelt betinga tendens til å tenkja på ”eldre” som ”utslitne” etter eit langt arbeidsliv. Er du ”eldre”, ja då fortenar du å få gå av med pensjon.

Men det er jo slett ikkje det ”samfunnet” ønskjer. Styremaktene vil at fleire av oss skal arbeida lenger. Dei ønskjer å iverksetja tiltak for å lokka folk til å arbeida lenger.

Går samfunnet samstundes ut og kallar friske 45-åringar for "eldre", vert tiltaka verknadslause. Dei gode intensjonane druknar.

Kvar samfunnet definerer den nedre grensa for ”eldre” vert i eit slikt perspektiv langt frå likegyldig.